Gud, ytringsfriheit og Pussy Riot
Etter dei tre Pussy Riot medlemma Maria Alekhina, Nadezhda Tolokonnikova og Ekaterina Samutsevich blei idømt to års fengsel for å ha sunge ein regimekritisk song i vår Frelser-katedralen i Moskva har det vore overraskande lite støtte å oppdrive blant både norske musikare og i kyrkjekrinser. Opsahl ønskjer seg større oppslutning i begge gruppene.
For Opsahl er det å ta til orde for Pussy Riot og deira kamp ein sjølvsagt ting.
- Min protest mot dommen er ikkje berre som prest, eller berre som musikar – protesten og rollene er overlappande og eitt, forklarer Opsahl, sensur og knebling av ytringsfriheit er i strid med Guds skapande, frigjerande og levande ord. Eg støtter Pussy Riot for deira kamp for ytringsfriheit, mot det totalitære og for deira arbeid med å gje ei stemme til dei undertrykte.
Ytringsfriheit for musikar
Både som medlem av Freemuse, ein organisasjon som arbeidar for ytringsfriheit for musikar over heile verda, og som musikar sjølv, har han i ei årrekke prøvd å bringe fram ulike musikarskjebnar frå Palestina til Sør-Afrika. No sett han fokus på Pussy Riot-dommen i Russland.
Også tidlegare statsminister og KrF-politikar Bondevik har refsa kykja for si tausheit kring Pussy riot-rettsaka og dommen. Kirkerådet svarte med ei uttaling den 23. august. Dei karakteriserte opptreiinga til Pussy Riot som «respektløst og smakløst» men dommen som «urimelig og overdreven sterk».
– Dette er for forsiktig, kommenterer Opsahl, den går jo ikkje direkte i kjerna på kva Pussy Riot fenomenet handlar om - ytringsfridom.
Sterke verkemiddel
Det at Pussy Riot-stuntet tok plass i ein katedral skjønner Opsahl kan støte noen. Men når ytringsfridomen er så avgrensa som den nå er i Russland, der konsertarrangører, aviser og radiokanaler i veldig liten grad tør slippe til regimekritiske stemmer, må også sterke verkemiddel til.
- I tillegg så skal kyrkja, i sin natur, tale for dei stemmelause og undertrykte. Jesus er kimen i dette, han var jo både kritisk til leiare som misbrukte makta si og inkluderande for dei utstøtte.
Det at saka kanskje er fjern for dei fleste prestar og meiningheiter, både geografisk og uttrykksform trur han kan vere forklarande på kvifor så få uttalar seg sterkare, om i det heile tatt, om saka. Opsahl oppfordrer alle prestar og biskoper med samarbeid og kontaktar i Russland til å ta opp Pussy Riot-saken.
Det at det også har vore still frå norske musikare forbauser Opsahl. - Det handlar om å stå opp for kollegaer i andre land! Så langt er det berre operasongaren Per Vollestad og elektronikamusikaren Sandra Kolstad som har kome ut i media til støtte for Pussy Riot. I tillegg til Opsahl, sjølvsagt.
Pussy Riot:
- Punkbandet Pussy Riot fremførte protestsangen "Jomfru Maria, frels oss fra Putin" i Kristus Frelser-katedralen i Moskva den 21. februar.
- Sangen kritiserer støtten som Putin får fra enkelte representanter for den russisk-ortodokse kirken.
- Dette var en av flere opptredener som gruppen gjennomførte i forbindelse med presidentvalget i Russland i mars.