Stor glede for norskfinansiert urfolksprosjekt
Her skriv filippinske urfolk på Mindano seg inn som Amnesty-medlemar etter eit norskfinansiert prosjekt.
Publisert:
16. okt 2017, kl. 13:52
|
Sist oppdatert:
10. nov 2017, kl. 09:25
Over 100 nye medlemar har Amnesty Filippinane siste dagane fått etter at urfolk har funne ein organisasjon som både ser dei, tek tak i problema og som held kva ein lovar.
Prosjektet ‘Promoting Corporate Accounability and Indigenous Women’s Rights in The Philippines’ er eitt av mange prosjekt under EEJ-programmet (Education – Empowerment – Justice).
Alle prosjekta er finansiert av TV-aksjonsmidlane frå 2012.
Unntakstilstand
Prosjekta varer i opptil fem år, og det går no også mot slutten av prosjektperioden på Mindano, ei øy der det sidan mai har vore unntakstilstand og harde kampar vest på øya, ikkje minst mellom Dutartes militære og militante muslimske grupper med IS-tilknytning.
Det norskfinansierte prosjektet har hatt mest fokus på urfolk aust på øya, der det er litt rolegare, men likevel oppheld seg ein del IS-sympatisører, ofte gøymt i fjellområde, men der det i tillegg er aktive kommunistiske opprørsgrupper.
Urfolka har i det siste ofte hamna midt i mellom ulike grupperingar, og fleire urfolk har også blitt drepne.
Diskriminert
Denne usikre sikkerheitsmessige situasjonen er berre eitt av problema urfolka står overfor. I tillegg har dei vorte diskriminerte i lang tid, og vert ofte kalla for ‘skogsfolket’, dei som ingen treng å bry seg særleg om.
Like fullt eksisterer det rundt 100 urfolksgrupper på Filippinane, og av rundt 100 millionar innbyggjarar på Filippinane, er det rekna med at rundt tre millionar er urfolk.
På Mindano er urfolksrepresentasjonen ekstra sterk, og det var også difor det norskfinansierte prosjektet vart lagt hit, med fokus på Manobo- og Mamanwa-stammene i tre område av Caraga-regionen av Mindanao.
Det er kvinner som har vore hovudmålgruppa for prosjektet, med mål om å byggje opp eit nettverk av kvinner som kunne arbeide for og kurse andre kvinner i menneskerettar.
Retten til mat og helse
Men i Trento sør på Mindanao, har fokuset etter kvart også dreia seg om kampen om rett til helse og mat ettersom eit filippinsk/malaysisk palmeoljeselskap forureinar både luft og vatn, i tillegg til å beslaglegge store areal som tidlegare vart nytta til dyrking av mat for Manobo-stamma.
Gjennom kursing i menneskerettar, har det stått fram sterke kvinner som talspersonar som både dokumenterer menneskerettsovergrep, men som også går vidare i kampen for endring. Dette har no også skjedd i forhold til palmeoljeselskapet. No er det dialog mellom urfolksrepresentantane og selskapet, der leiinga i Amnesty Filippinane bistår, i tillegg til at styresmaktene no er på bana og har gjort undersøkingar av vass-og luftforureining.
Slik det no ser ut, vil palmeoljeselskapet også vere villig til å gi tilbake til urfolket 100-200 hektar av det 1400 hektar store området som vert brukt til palmeoljeproduksjon. Det kan også vere snakk om økonomisk kompensasjon for ulempene aktiviteten har påført urfolket, der det blant anna er fleire forteljingar om barn med store helseproblem på grunn av luftforureininga.
Spennane møte
Sist veke var eg på prosjektbesøk på Mindano, og fekk møte mange av prosjektdeltakarane og andre urfolksrepresentantar. Eitt av møta resulterte i masseinnmelding i Amnesty International, flest kvinner, men også mange menn, spesielt etter at dei mannlege stammeleiarane har gått aktivt inn og rosa prosjektet og støtta kvinnene som har engasjert seg.
Mange streka under at etter kursinga i menneskerettar har fleire kvinner retta seg opp og våga å heve røysta for å slå tilbake mot diskriminering og menneskerettsovergrep. Først var fokuset på problema med palmeoljeselskapet og andre naturinngrep, men etter kvart har det også vorte fokus på andre rettar for kvinner, barn og ungdom, ikkje minst i forhold til vald og overgrep.
Dette gjeld også for fleire av dei andre stammene på Mindao, der tre stammer var med i prosjektet frå starten av, men der dei lokale talskvinnene er i ferd med å involvere fleire andre urfolksgrupper som er på øygruppa. Talskvinnene i prosjektet har også etablert nettverk mellom seg, der dei diskuterer ulike spørsmål, og dermed bidreg til solidaritet og byggjer felles styrke.
Viktig i prosjektet har vore å få støtte frå dei mannlege stammeleiarane. Etter ein litt treg start, er det no brei støtte frå stammeleiarane, der Amnesty Norge fekk møte og fekk stor takksemd og helsingar frå alle tre.
På grunn av ein utrygg sikkerheitsmessig situasjon, mellom anna med fare for kidnapping, vart det bestemt å avlyse besøket i landsby-området til to av stammene. I staden vart møtet med dei to stammeleiarane avhalde i regionhovudstaden Butuan nord på øya. Der gav stammeleiarane stor støtte til prosjektet, og karakteriserte det som det viktigaste som hadde skjedd på lang tid. På plass var også dei kvinnelege prosjektleiarane, fleire ungdomar og andre støttespelarar, der mange hadde reist ein heil dag for å delta på møtet.
Kvinner får seie meir
For den vidare utviklinga er det viktig å ha stammeleiarane med seg. Sjølv om dei så langt er mest opptatt av kampen for naturressursane, er det likevel heilt klart at prosjektet har bidratt til å endre litt på den tradisjonelt sterkt patriarkalske maktstrukturen der det er tydeleg at sterke kvinner no både kan seie si meining og i tillegg veit korleis dei kan få gjennomslag.
Alle møta starta med grundig og tradisjonell velsigning av prosjektet, og det siste møtet i Butuan vart avslutta med tradisjonell stammedans der alle deltok.